Slik lagar du regnbogepannekaker

Kan du lage pannekaker i påskefargar? Klart det!

 

FOTO: Janne Nerheim

Lag pannekakerøre i fem ulike bakebollar.

DU TRENG:

  • 4 stk egg
  • 3 dl hvetemel eller 50/50 sikta og sammalt kveitemjøl
  • 1⁄2 ts salt
  • 5 dl mjølk

 

SLIK GJER DU:

  • Bland mjøl og salt. Tilsett halvparten av mjølka. Rør godt til du har ei tjukk røre utan klumpar. Tilsett resten av mjølka. Visp inn egg og konditorfarge. La røra stå i cirka ein halvtime.
  • Smelt margarin i ei god og varm steikepanne. Hell pannekakerøre i panna slik at røra legg seg fint utover i panna. Snu pannekaka når den har stivna på oversida og den er gyllenbrun på undersida.
  • Når pannekaka er steikt på begge sider, bretter du den saman og legg den i på ein tallerken.