Jordskjelv
Jordskjelv er når Jorda ristar og er ein type naturkatastrofe Det blir jordskjelv når to delar av jordskorpa plutseleg flytter på seg i forhold til kvarandre. Jordskorpa er det ytste laget av Jorda.
Kjelde: Lille norske leksikon
Jordskjelvet på Vestlandet søndag blei målt til ein styrke på 4,3. I Nord-Noreg natt til onsdag blei det målt eit jordskjelv med styrke på 3,4.
Norske forskarar bruker altså ein nummerskala (Richters skala) for å seie noko om kva styrke eit jordskjelv har. I tillegg til styrke kan skalaen fortelje oss noko om kva konsekvensar eit jordskjelv kan ha og kor alvorleg det kan vere. Styrkeskalaen går frå «mindre enn tre» til «større enn eller lik sju»:
1,0-3,0: Jordskjelv med denne styrken er vanlegvis ikkje følbart
3,0-3,9: Jordskjelv med denne styrken blir i liten grad merka – for å merke det må ein opphalde seg innandørs og kan då oppleve svaiing.
4,0-4,9: Jordskjelv med denne styrken blir merka av mange menneske som oppheld seg innandørs – blir berre merka av nokre få som oppheld seg utandørs. Vindauge, dører og porselen skranglar. Hus kan få små, ufarlege skader.
5,0-5,9: Jordskjelv med denne styrken blir merka av dei fleste – ristinga er så sterk at ho kan føre til at gjenstandar fell i bakken og hus kan få små, ufarlege skader
6,0-6,9: Jordskjelv med denne styrken blir godt merka – møblar og gjenstandar kan flytte seg og falle som følgje av risting og det kan bli skadar på hus.
7,0 og høgare: Jordskjelv med denne styrken fører til at mange menneske får problem med å halde seg oppreist og hus kan få alvorlege skadar.
Kjelde: Norsar
Jordskjelv i Noreg
Noreg er det i landet i verda nord for Alpane med mest jordskjelv.
– Vi har daglege jordskjelv i Noreg og mest aktivitet er det i havområda i og rundt Svalbard. Det skjer ofte små jordskjelv langs kysten av Noreg òg, men dei er ofte så små at ingen merkar dei, seier jordskjelvforskar Berit O. Paulsen.
Forskaren kan òg fortelje at sjølv om det stadig skjer jordskjelv i Noreg, så vil dei ikkje bli farlege og det er veldig sjeldan at dei gjer skade på bygningar. Ingen jordskjelv i Noreg har hatt styrke på over 6,0.
- HER får du svar på på fleire spørsmål jordskjelv: Kva er eit jordskjelv?