Maori
- Urfolk som bur i New Zealand
- Kjend for tradisjonell krigsdans kalla haka
- Kjend for å måla seg sjølv og reiskapen sin
- Har eige landslag i sporten rugby
- I New Zealand er det 800 000 maoriar – det utgjer 16 prosent av befolkninga
- New Zealand er det landet i verda som ligg lengst unna Noreg
Kjelde: Vesle Norske Leksikon
Torsdag morgon blei Nga Wai Hono i te Po krona til ny maori-dronning. Det var under faren si gravferd at titusen av menneske hadde samla seg for å ta farvel med kongen og for å ønske den nya monarken velkomen, skriv NRK.
Med stor jubel frå folkehavet sat 27-åringen på ei høg tretrone då ho offisielt blei den andre maori-dronninga gjennom tidene.
18 år på trona
Maori-kongen Tuheitia Pootatu Te Wherowhero sat på trona i 18 år før han i slutten av august fredeleg sovna i inn i etterkant av ein hjarteoperasjon, ifølgje The Guardian.
Kongen arva trona etter mora som var den første kvinnelege maori-monarken.
Kiingitanga
Maori-monarken har ikkje mykje direkte makt, men er viktig for maori-kulturen og fungerer som eit symbol for maoriane sin identitet og samhøyr, skriv NRK.
Maorianes kongerørsle er kalla Kiingitanga. Rørsla blei grunnlagt i 1858 for å samla maoriane under ei felles leiing for å stå imot britisk kolonisering. Kolonisering er mellom anna når ein stat tek makta over ei folkegruppe utanfor staten sine eigne område.