I steinalderen var det ingen eigne bygningar for skule.
– Folk budde saman i små grupper, og ungane lærte det dei skulle heime. Dei var med i alle aktivitetar i og rundt heimen. Dei laga alle klede sjølv, dei lærte å sy, skaffa all mat, gå på jakt, samla skjell og fiska. Dei lærte å laga verktøy som for eksempel knivar laga av flint.
Steinaldermenneska hadde skinnskraper som dei skrapte slakta dyr sine skinn med.
– Det er ikkje slik at folk gjekk rundt med eit lite skinnklede rundt livet. Dei hadde avanserte klede og alt var i skinn, fortel arkeolog og forfattar Eirin Holberg.
Saman med illustratør Åshild Irgens har ho laga boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong».
Korleis lærte dei noko utan bøker?
– Dei lærte nok mykje av forteljingar, soger og historiar om gudar som blei fortalt vidare. Det å laga historiar og songar gjer det lettare å hugsa ting, seier Eirin.