I det afrikanske landet Burkina Faso er det urolege tider. Terroristar har angripe fleire landsbyar, og barn har måtte halde seg heime, skriv The Guardian. Ifølge Unicef er 6 149 skular i Burkina Faso stengde på grunn av vald og usikkerheit. 1 million elevar får ikkje gå på skulen.
Alternativ skule
Men dei stadene skulane har vore stengde, har barn fått gå på skulen ved hjelp av radio. Utdanningsdepartementet har saman med Unicef delt ut radioar til fleire familiar.
Kvar dag kan barna skru på radioen og få undervisning i matte, lesing og skriving.
Ifølge Bertrand Joël Sian som er ansvarleg for radiosendingane i Nord-regionen, kan mellom 200 000 og 300 000 barn få undervisning på denne måten.