Ny forsking har sett på kva kjensler som kjem når vi likar og deler bilete og videoar av søte dyr på sosiale medier.
– Dette er ekstremt populært innhald som vert mykje likt og delt. Det ville eg sjå nærare på, fortel forskar Kamilla Knutsen Steinnes ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet til NRK.
Kama muta
Det fleste folka som var med i testen Kamilla gjorde, blei veldig rørt når dei såg dei søte dyra. Det kallar forskarane “kama muta”.
– Dei fekk ei varm kjensle i brystet, nokon fekk gåsehud, og nokon fekk faktisk også tårer i augene av å sjå på ein kattunge i 30 sekund.
Studien har Kamilla gjort saman med Kama Muta Lab ved Universitetet i Oslo.I studien fann ho også ut at folk fekk meir lyst til å ta vare på andre etter at dei hadde sett bileta av dei søte babydyra.
– Omsorgsbehovet vårt er så sterkt at vi kjenner dei same sterke følelsane for ein hundekvalp som for ein baby, seier ho.