Skumle nye bøker til Halloween

Her er fem tips om splitter nye Halloween-bøker til deg som likar å krype inn under eit teppe for å lese om grøss og gru.

Familien Gnork

Bokomslag: Samlaget

Når familien Gnork flyttar frå jungelen til Tom sin kjedelege småby, blir håpet tent.
For om Tom gjer familien Gnork ei teneste, skal dei lage ein heidundrande naturmedisin
som vil gjere Martin frisk og speleklar til kampen. I forsøket på å lage medisinen må både krokodillar, kattar og kvalar til pers som prøvekaninar, noko som får uana konsekvensar. Og i skuggane lurer Preben med skumle planar…

Forfattar; Thoralf Fagertun, illustrert av Line Halsnes

Passar for deg som er 9-12 år, målform: Nynorsk

Forlag: Samlaget

 

Uløste mysterier: True crime, skrekk og skumle grøss

Bokomslag: Cappelen Damm

I Uløste mysterium får lesaren oppleva ei rekke uhyggelege og uforklarlege hendingar, og kan sjølv nøste i det som finst av spor og bevismateriale. Alt har nok ei naturleg forklaring… eller har det eigentleg det? For kven er skikkelsen som rører seg gjennom Nidarosdomen i munkekappe? Kva skjedde eigentleg med kvinna som vart funnen død i Isdalen i 1970? Og kvifor ringer telefonen kvar natt på Bærums verk.

Pernille Tufte Radeid, illustrert av Jannicke Hansen

Passer for deg som er 9-12 år, målform: Bokmål 

Forlag: Cappelen Damm, lansering: 5. oktober, 2022

LESEDIGG: Her finn du mange fleire tips om skumle bøker!

Ekte gjenferd

Bokomslag: Cappelen Damm

I Ekte gjenferd kan du lesa om forskjellige spøkelse som heimsøker hotell og herregardar, kyrkjer og museum, fyrtårn og festningar i Noreg. Gjenferda har ulike historier, men dei deler ein tragisk skjebne: Dei fekk aldri fred i døden og går igjen ti evig tid. Nokon er harmløse, til og med hjelpsomme – andre spreier frykt og uhygge!

Forfattar: Camilla Otterlei, illustratør: Tiril Valeur 

Passar for deg som er: 9-12 år, målform: Bokmål

Forlag: Vigmostad og Bjørke, lansering: 31. oktober, 2022

 

Edward Rubikon og tidsvampyrene

Bokomslag: Cappelen Damm

Edward Rubikon er monsterjeger og saman med vennene sine Kasper og Nadira, vernar han småbyen Grimsrud mot overnaturlege farar. Men no er bestevennene til Edward forsvunne. Og det rare er at ingen hugsar dei! Alle ser ut til å ha gløymt dei, unntatt Edward – og no er det opp til han å redda dei!

Forfattar: Aleksander Kirkwood Brown

Passar for deg som er: 9-12 år, målform: Bokmål

Forlag: Cappelen Damm

 

Bergtatt

Bokomslag: Cappelen Damm

Spennande ny teikneserie om Peter som ser ting ingen andre kan sjå. Små glimt av merkelege vesen, som umogleg kan vera ekte. Eller? Tenk om det finst ein anna verda, skjult for folk flest, ei verda av gløymde skapningar, magi og mørke eventyr? Dette er ein magisk mystisk serie basert på norsk folketru.

Forfattar: Aleksander Kirkwood Brown

Passar for deg som er: 12+, målform: Bokmål

Forlag: Cappelen Damm

 

Dunkle fortellinger

Bokomslag: Vigmostad og Bjørke

Dunkle forteljingar er ei samling noveller frå ei verda som minner veldig om vår eigen, men som likevel er noko heilt anna. I byen Dunkel er det mykje som skjer i skuggane. Alle veit at ein aldri drar på epleslang i Fru Løvfalls hage. Og at av og til forsvinn det barn i gruvefabrikken..

Forfattar: Rebecca Wexelsen, Illustratør: Jens Kristensen

Passer for deg som er: 9-12 år, målform: Bokmål

Forlag: Vigmostad og Bjørke, lansering: 12. oktober, 2022