Har du lese ei kjekk, spennande, morosam eller skummel bok?
Skriv ei bokmelding om ei bok du har lese, og bli med i skrivekonkurransen vår!
Sjå her korleis du skriv ei bokmelding: https://framtidajunior.no/2018/08/09/slik-skriv-du-bokmeldingar/
Både vinnarteksten og andre gode tekstar vil bli publiserte på www.framtidajunior.no.
Format: Word-fil
Lengde: 150-350 ord
Premiar: 1. premie: 500 kroner, bok, Framtida Junior-t-skjorte.
Me trekkjer òg ut bokpremiar til deltakarane.
Me gjev òg eit klassesett av Framtida Junior til den klassen som leverer flest bokmeldingar. Då er det fint om læraren sender inn bidraga frå klassen samla.
Aldersgrense: Under 14 år
Målform: Nynorsk
Innleveringsfrist: 28. september 2022
Send inn til framtidajunior(a)gmail.com
OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.