Marcus & Martinus erobrar Europa

I februar og mars reiser tvillingstjernene ut på turné i sju europeiske land.

Turneen – som har fått namnet Moment Tour – startar i Herning i Danmark 9. februar. Så reiser tvillingane til København, Helsinki, Stockholm, Berlin, Oslo, Hamburg, Düsseldorf, Stuttgart, Wien og Zürich.

Foto Fred Jonny

Livets største augneblink

I 2016 vart dei kåra til Årets spellemann, og dei er begge einige om at det er den største augneblinken i livet så langt.

– Det var heilt fantastisk, og uverkeleg! Tenk at me vann prisen som 14-åringar. Me er utruleg takknemlege for det, seier Marcus til Framtida Junior.

Viktig skule

Stadige singlar, to album, turnéar, intervju i avis og TV, elleville kjøpesentersigneringar og konsertar for titusenvis av fans. Salg av merchandise, bokbiografien Vår historie, eigen TV-serie og dokumentarfilm. Alt før fylte 15 år.

Kva er det som har gjort dette mogleg å få til?

– Me jobbar mykje, og me likar det. Det er spanande å sjå kva me får til, og det gir oss motivasjon til å stå på vidare. Så har me skule i tillegg, og den er viktig for oss, seier Martinus.

Fakta om tvillingbrørne

Marcus

  • Likar Manchester United og Zlatan er favorittspelaren
  • Elskar å vera heima i Trofors, men elskar også å reise til Thailand.
  • Likar Justin Bieber, både musikken og kleda hans.
  • Vert flau når eg ser gamle bilete av meg og Martinus.
  • Min favorittfarge er raud.
  • Verdas beste godteri er frå Sverige.
  • Draumejenta mi må vera snill. Og det er viktig at ho ikkje vert sjalu når me reiser og møter fans.

Martinus

  • Eg er litt meir perfeksjonist enn Marcus.
  • Eg elskar å komme med veldig dårlege spøkar. Ofte er det berre eg som ler.
  • Min favorittplass i verda er Trofors.
  • Eden Hazard er min favorittspelar, og Chelsea er laget mitt.
  • Eg spelar litt piano, og likar å lære om å skrive og produsere musikk.
  • Eg vert nesten aldri nervøs. berre av og til når me opptrer LIVE på TV-show.
  • Mi draumejente er ein oppriktig og fin person. Og søt!

(Kjelde: marcusandmartinus.com)