Istilhøva er så gode denne vinteren at dyra truleg får nok mat ved å jakta på dei naturlege jaktområda sine – nemleg på isen.
Derfor er det truleg at færre av dei treng å reisa inn mot dei arktiske byane i Russland, skriv NTB.
Isen er blitt til på havet i tide
Tidlegare har tilhøva vore så skrale, at dei kvite bjørnane ikkje har hatt anna val enn å trekkja mot byane for å finna seg mat. Mellom anna har dei vore på leit i bossbøtter og liknande.
– No er situasjonen roleg. I år er isen blitt til på havet i tide og isbjørnane har flytta seg nordover for å jakta på selar, seier Dmitrij Rijabov i WWF.