Årets mest populære YouTube-video i Noreg

NRK sin vennskapsdans til BlimE-låta «Dynamitt», er på toppen av YouTube-lista i Noreg i 2021.

– Hjarta mitt går rett og slett «kadonka-donk» av å tenkja på at av alle dei millionane av timar med innhald som blir lasta opp på YouTube kvart år, så er det ein video med ein bodskap om vennskap og inkludering som har vore mest populær i år igjen. Det er noko veldig fint med det, seier Sondre Ronander til Kampanje.

Han jobbar som kommunikasjonssjef i Google Noreg.

Nærmar seg to millionar avspelingar

Dansen til årets BlimE-låt er den mest populære videoen på YouTube i Noreg i år. Men det er ikkje første gong det skjer at ei BlimE-låt toppar denne kåringa – for i 2020 var nemleg Victor Sotberg og «Ser deg» også på topp.

Videoen det er snakk om nærmar seg to millionar avspelingar.

Du kan sjå den her: