- Skaff deg ein blyant og papir. Mange tenkjer at det må vera så komplisert – men det treng det ikkje! Ikkje la mangel på utstyr hindra deg. Berre sett i gang.
- Ikkje lag så lang historie i byrjinga. Lag gjerne små episodar. Det er ei felle å byrja på eit stort verk som aldri blir ferdig. Det er kjekt å bli ferdig slik at du kan visa det fram.
- Det er lurt å laga ein teikneserie om noko du har opplevd. Du tenkjer kanskje at du har eit keisamt liv, men absolutt alle har noko spennande å visa fram. Tenk – kva har du opplevd som kan vera interessant for andre?
- Skriv tekst fyrst, og så teiknar du snakkebobla rundt teksten etterpå.
- Hugs at snakkeboblene må koma i den rekkefølgen lesaren les i.
- Du kan skanna teikneserien og legga den ut på internett, eller du kan kopiera den på ein kopimaskin og dele ut til vener og familie.
Tips til deg som vil laga teikneserie
Teikneserieskapar Fredrik Rysjedal deler sine beste tips til deg som vil laga din eigen teikneserie.