Då Aleksandar Mitrovic sende Fulham i leiinga mot Briston City sprang spelarane ut av banen, bort til tribunen og omfamna han, skriv BBC.
Porter har cerebral parese og er blitt hetsa etter at han la ut videoar av seg sjølv på TikTok der han spelte fotball. Guten er keeper på «Feltham Bees FC», eit lag for funksjonshemma barn.
Heile klubben vart inspirert
Fulham-spelarane fekk med seg alle dei ekle kommentarane Rhys mottok, og inviterte han til keepertrening med laget.
– Alle i Fulham har blitt veldig inspirert av Rhys. Me ønskjer å visa han kor imponert me er over både hans haldningar i møte med motgang, men også engasjementet hans for å hjelpa andre, sa klubben i ei uttaling.