Kva vil du gjera for å vera ein god statsminister for oss barn og unge?
JONAS: Det er de som er unge no som må leva lengst med dei vala me gjer i dag. Eg er veldig oppteken av at me tek gode avgjersler, som gjer det godt å leva både no og i framtida. Å ta vare på klima og naturen er ei hovudsak for oss. Me vil også sørga for at dei pengane me eig saman blir nytta til å sikra at alle får like moglegheiter. Det er rettferdig. Derfor må me ha gode barnehagar som alle har råd til å gå i, me må ha gratis skular og gode helsetenester for barn og unge. I tillegg er eg oppteken av at foreldre skal ha ein trygg jobb som gjer at familien har pengar til det dei treng og kan bu godt. Og at arbeidslivet skal vera slik at foreldre også har tid til å ha fri saman med borna sine.
ERNA: Det er viktig for meg at barn og unge i dag har det bra. Gode skular med gode lærarar er veldig viktig. Derfor har regjeringa styrka skulen, og det skal me halda fram med å gjera. Me har òg auka barnetrygda med fleire tusen kroner, som er med på å gje ein betre kvardag for mange barn og unge.
- LES MEIR: OM KLIMA: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål
- LES OGSÅ: OM SKULE: Erna og Jonas svarar på lesarspørsmål
Kva blir betre for oss barn og unge dersom du blir statsminister?
JONAS: Det er eit stort spørsmål, fordi stort sett alt me gjer påverkar kvarandre. Me vil satsa på klima, velferd og arbeid, og det vil vera bra for barn og unge både i dag og i framtida.
ERNA: Dersom eg får behalda jobben som statsminister, vil eg halda fram med å arbeida for at barn og unge skal ha ein trygg og god kvardag. I løpet av dei siste åtte åra har regjeringa styrka skulen, kutta utslepp og auka barnetrygda. Me har også gjort det tryggare for barn og unge å vera på nett. Me vil halda fram med å jobba for at barn og unge skal ha det bra både på skulen og på fritida.
Kva vil du gjera for dei som ikkje har råd til fritidsaktivitetar?
JONAS: Det er utruleg viktig at alle barn får moglegheit til å vera med på fritidsaktivitetar. Me vil gje meir pengar til dei som driv fritidsaktivitetar, og byggja fleire idrettsanlegg. I tillegg finst det allereie sentralar der ein kanv låna sports- og friluftsutstyr. Dei vil me ha fleire av, for det er urettvist at nokon ikkje kan få vera med på aktivitetar fordi familien har dårleg råd. Då kan fleire låne utstyr, og det er bra både for miljøet og familiane sin økonomi.
ERNA: Det er eit viktig mål for regjeringa at alle barn og unge skal kunna delta på fritidsaktivitetar i lag med andre barn, uavhengig av kor mykje foreldra tener. Derfor har me starta eit prøveprosjekt som heiter fritidskortet. Den ordninga skal dekkja utgifter til faste, organiserte aktivitetar, slik at barn og unge får like høve til å bli med på fritidsaktivitetar.
Kvifor er fritidsaktivitetar så dyrt?
JONAS: Godt spørsmål. Det er sikkert mange grunnar til det, men dersom ein driv med fotball treng ein jo til dømes utstyr som fotballsko og fotballar, i tillegg til ei fotballbane å spela på. I tillegg brukar ein kanskje pengar til å reisa på turneringar og til å ha ein trenar. Me vil at staten skal ta litt meir av rekninga, ved å gjera det billegare å laga anlegg og enklare å få låna utstyr. Dei som driv fritidtidsaktivitetar må også vera flinke til å halda prisane nede.
ERNA: Det kan vera mange årsakar til at fritidsaktivitetar kostar mykje pengar. Samtidig håpar eg at dei fleste barn og unge har moglegheit til å delta på minst ein aktivitet i veka. Regjeringa har starta ei fritidskortordning som skal bidra til at dei som ikkje har råd til å delta på fritidsaktivitetar skal få dekkja nokon av utgiftene, slik at dei skal få høve til å bli med.
Me opplever at me har lite fritid etter skule og lekser – kva vil du gjera med det?
JONAS: Me vil at leksene skal gjerast i løpet av skuledagen, slik at elevane slepp å kjenna seg pressa til å jobba med lekser etter at skulen er ferdig.
ERNA: Eg er einig i at leik og fritid er viktig for barn og unge. Men skule og lekser er også det. Eg meiner derfor at det er akkurat passe med tid til leik og fritid slik det er i dag.