Lyset til menneska forstyrrar møkkabilla

For første gong har forskarar sett at menneskelagd lys forstyrrar billene så mykje at dei sluttar å bruka månen og stjernene til å finna vegen. I staden bruker dei gatelys og opplyste bygningar til å orientera seg.

Har du sett film av ei bille som trillar ei kule laga av møkk bortover? Då har du sett ei møkkabille. Grunnen til at dei rullar kula bortover, er at dei leitar etter ein stad der bakken er mjuk nok til at det går an å grava ned kula. Av og til må dei òg rulla kula tilbake til der dei har larvene sine for at dei små ungane skal få mat. Då er det viktig at billa ikkje går seg bort. For å finna vegen, brukar billa nattehimmelen til å finna fram, skriv Ung.Forskning.no.

Men, fordi vi menneske er så glad i å lysa opp husa, vegane og byane våre, så blir det vanskelegare for møkkabilla å sjå månen og stjernene.

Forska på møkkabiller

– Desse billene har vorte tvinga til å slutta å bruka himmelkompasset sitt og brukar no kunstig lys i staden, seier James Foster som er forskar ved University of Würzburg i Tyskland i ei pressemelding.

For å finna ut av korleis møkkabillene taklar menneskeskapt lys, drog forskarane til Sør-Afrika, der det er mange slike biller. Det eine staden dei drog til, var på taket av ein bygning midt i storbyen Johannesburg, medan den andre staden var Limpopo, langt ute på landsbygda. Begge stader slapp dei ut møkkabiller for å sjå korleis dei greidde å orientera seg.

Resultata var tydelege. På taket i storbyen greidde ikkje billene å bruka stjerner og måne som kompass, og dei kraup mot gatelys og opplyste bygningar.