Kjempeskjelpadda vart oppdaga under ein ekspedisjon i 2019 til Fernandina Island.
For å bevisa at dette var arten dei trudde, tok forskarar prøvar av den. Dei ville samanlikna skjelpadda med restane av ein hann frå arten «Chelonoidis phantasticus», som også er kjent som Fernandina kjempeskjelpadde.
Og det var som dei trudde – forskarane kunne bekrefta at hoa som vart funnen i 2019, faktisk er ein Fernandina kjempeskjelpadde, skriv BBC. Den siste observasjonen av arten var i 1906.
A giant tortoise found in 2019 in the Galapagos Islands has been identified as the Chelonoidis phantasticus species which had been considered extinct more than a century ago https://t.co/pNaJVW62Tx pic.twitter.com/3EwBSZAfZv
— Reuters (@Reuters) May 27, 2021
Trur det er fleire individ
– Me trudde at arten vart utrydda for meir enn 100 år sidan, tvitra miljøminister i Ecuador, Gustavo Manrique etter at nyheita kom fram.
– Håpet lever, la han til.
Den kvinnelege kjempeskjelpadda, som blir anslått å vera meir enn 100 år gammal, er for tida i eit avlsenter på øya Santa Cruz. Forskarar har funne avføring på Fernandina Island, som dei trur kan bevisa at det er fleire individ av arten igjen i naturen.
Direktøren for Galapagos nasjonalpark, Danny Rueda, har sagt at dei kjem til å arrangera ein ekspedisjon til Fernandina Island for å prøva å finna andre medlemmer av same art.