Då Borussia Dortmund tok seg vidare til kvartfinalen, scora nordmannen to mål, skriv NRK.
Med sine totalt 20 mål så langt, er han den nordmannen som er scora mest mål i Champions League. For det blir 20-åringen hylla av fotballverda.
– Heilt unikt
– Det er heilt unikt, og tek aldri slutt. Erling Braut Haaland kan ikkje bli større, meinte Erik Thorstvedt i TV 2s studiosending etter kampen.
Her er rekordane Halland har teke:
- Haaland er den raskaste til å scora 20 mål i Champions League. Det klarte han på 14 kampar.
- Haaland er den yngste fotballspelaren som når 20 Champions League-scoringar med sine 20 år og 231 dager.
- Haaland er den yngste spelaren som scorar i seks kampar på rad i Champions League.
- Haaland er den første i historia som scorar minst to mål i fire kampar på rad.