Besøk norske museum virtuelt

Kva med å besøke eit vikingskip frå sofaen?

Har du aldri sett eit ekte vikingskip? No kan du gjere det på nett, skriv Ung.Forskning.no.

Du kan nemleg besøke dei kjente norske vikingskipa virtuelt på nettsidene til Kulturhistorisk museum.

Du kan flytte deg rundt og zoome inn på drageutskjæringar, spikar og årehol.

Eitt av skipa du kan sjå på, er det vakre Osebergskipet som blei bygd for 1000 år sidan.

Klikk her for å utforske Osebergskipet.

Blei brukt i gravferd

Osebergskipet blei bygd cirka i år 820, i starten av vikingtida, trur forskarane. Men så blei skipet dratt på land og brukt som grav for to kvinner.

Forskarane trur gravferda var i år 834. Dei to kvinnene var nok viktige personar i samfunnet, for grava var uvanleg fin.

Osebergskipet blei funnen i Vestfold i år 1903. I skipet, saman med kvinnene låg 15 hestar, tre flotte sledar, fem senger, seks hundar og fem utskårne dyrehovud av tre.