Handballfestivalen er den største på Vestlandet, og samlar til saman 438 lag på Stord. Nokre av ungdomslaga startar kampane sine fredag kveld, men det er først laurdag 8. juni festivalen blir opna med Noregs største handballtog.
I fjor var det kring 7000 som samla seg i toget i Leirvik sentrum. Her er det mange som kler seg ut i fargerike draktar, og det blir gitt pris til dei beste kostymane.
Dei fleste som er tilreisande bur på skular, og det er ikkje nok handballhallar til alle laga, så dei fleste kampane er ute på fotball- og tennisbanar.
– Heilt unik festival
Frode Kyvåg, tidlegare landslagstrenar og Norway Cup-general opna Handballfestivalen i fjor.
– Eg har vore mykje nedover i Europa og sett på mange festivalar opp gjennom åra. Men eg har aldri, aldri sett noko av det me kan oppleva her på Stord, sa han då han opna festivalen.
Handball er meir populært enn fotball
For første gong er det no fleire nordmenn som er interesserte i å følgja med på handball.
Fotball har mista interesse dei siste 15 åra blant dei som følgjer med på idrett. Det viser ei undersøking frå Ipsos.
Men framleis er det flest både barn, ungdom og vaksne som driv med fotball på fritida si. 372.000 barn, ungdom og vaksne speler fotball og 134.000 speler handball.