I BUA kan du låne gratis sportsutstyr

Visste du at mange norske kommunar har bibliotek som er fylt med noko heilt anna enn bøker? I BUA kan du låne sportsutstyr!

Fakta om BUA:
  • Per februar 2019 finst det 63 BUA som er i full drift.
  • 20 nye BUA skal opne i 2019.  
  • BUA står for Barn-Unge-Aktivitet og skal vera heile kommunen sin utstyrsbod.
  • BUA fungerer som eit utstyrsbibliotek, der bøker er bytta ut med sport- og fritidsutstyr.
  • Alle kan låne, sjølv om tilbodet fyrst og fremst er retta mot barn og unge.
  • I BUA kan du låne utstyr for å teste ulike aktivitetar, sjå kva du likar og kanskje finne ein aktivitet du vil halde fram med.
  • Ny digital utlånsteneste blei lansert sommaren 2018.

(Kjelde: Bua.lo)

LES FAKTALUKK FAKTA

I dette biblioteket finn du ikkje rad på rad med bøker. Nei, her er det ski, syklar, fiskestenger, akebrett og alt mogleg av sports- og fritidsutstyr som fyller hyller og golv.

Heilt sidan tidleg på 1900-talet har det vore utlån av sportsutstyr i mange kommunar, men tilbodet var lite brukt før BUA blei til. BUA er ein nasjonal forening som jobbar for at barn og unge skal få sjansen til å prøve fleire aktivitetar.

Populært

– Vi kan ikkje seie nøyaktig kor mange som nyttar BUA, då det ofte er vaksne som låner til barna. Det er også mange lærarar som låner til skuleklassar, fortel Monica Vogt som er dagleg leiar.

BUA hadde cirka 110.000 låntakarar i 2018.

– Vi reknar med at cirka 2/3 av desse er barn og unge, seier Monica.

Gratis for alle

– Alle barn og unge stiller likt, og er ikkje avhengig av foreldra si lommebok og vilje til å kjøpe aktivitetsutstyr, seier Monica.

Dei jobbar også for at fleire skal låne i staden for å kjøpe. Då sparar vi nemleg klimaet også.

– Vi ønskjer at barn og unge skal snakke om kor mange aktiviteter dei har prøvd og ikkje kva utstyr dei eig.  

Det kan vera lurt å ta kontakt med kommunen for å høyre om dei har ei ordning for utlån av utstyr. Eller om dei har planar om å starte med utlån.