– Det er gøy å låne ting

Herman (10), Martin (7) og veslebror Olav (4) har susa ned bakkar på lånte ski i heile vinterferien.

Å få låne utstyr i BUA er jo veldig lurt fordi det er gratis. Då kan alle låne ting dei ikkje har sjølv. Viss det hadde kosta pengar, hadde kanskje ikkje så mange barn fått prøve så mange ulike aktivitetar, seier Herman Olsen Fjell.

Det er gøy å låne ting, seier Martin.

LIKAR Å LÅNE: Herman likar å prøve ulike aktivitetar. Her går han på langrennsski på Seljestad. FOTO: Privat

Mykje forskjellig

Saman med veslebror Olav har Herman og Martin lånt både vinter- og sommarutstyr hos BUA.

Eg har lånt minibmx-sykkel, slalåmski, hjelm, briller, sparkesykkel, rulleski, sko til langrennski der tidlegare, seier Herman.

Eg har lånt minibmx, skateboard, hoppestokk, langrennski, akematte, hopp til bmxen og stigegolf, fortel Martin.

Heile familien

Denne vinterferien har heile familien deira lånt slalåmski frå BUA. Gutane si mor, Mette Terese Olsen, fortel at dei besøker BUA ofte. Dei har brukt tilbodet heilt sidan BUA Stord starta med utlån.

Det er flott at vi kan prøve ulike aktivitetar – og så kan ein heller kjøpe det ein likar aller best etter kvart, seier ho.

AKETUR: Martin i full fart på akematta han har lånt hos BUA. FOTO: Privat