Forskarar dynka svampar med gaupetiss

Tyske forskarar gjorde ein litt rar ting. Dei dynka svampar i gaupetiss, og så gjekk dei ut i skogen og la svampane rundt omkring. Kva trur du dei ville forske på?

Når hjort og rådyr et bork om vinteren, kan skogen ta skade. Dette skjer mellom anna i skogar på Vestlandet og i Tyskland. No har forskarar undersøkt om lukt frå naturlege fiendar kan skremma dei bort frå trea, skriv Ung.Forskning.no.

Forskarane prøvde noko spesielt: lukt av rovdyr. Dei la ut små svampar i skogen med tiss og avføring frå ulv og gaupe. Dei testa også kumøkk, for å sjå om dyra reagerte på lukta av store dyr som ikkje er farlege.q

Gaupetiss verka best

Det viste seg at det var særleg lukta av gaupe som verka. Når rådyr og hjort kjende gaupelukt, drog dei raskt bort. Men dei slutta ikkje å komma tilbake.

Ein norsk forskar, Neri Horntvedt Thorsen, seier til Ung.Forskning at dyra framleis besøkte stadene like ofte som før. Dei vart berre ikkje så lenge når det lukta rovdyr.

Han meiner derfor at gaupelukt ikkje er ei perfekt løysing fordi dyra ikkje held seg unna for alltid.

I Noreg er ikkje rådyr så farlege for skogen. Dei liker nemleg ikkje så godt tre som gran, furu og bjørk. Dei et heller andre plantar og nokre typar juletre.

Trea kan bli sjuke

Hjort kan derimot skada både eldgamle og unge tre. Når dei gneg bork, kan trea bli sjuke og veksa dårlegare. Men hjorten kan også gjera noko bra: Når han et plantar på bakken, kan det komma fram nye blomstrar som treng meir lys.

Rådyr kan også eta blomstrar og hekkar i hagar. Nokon prøver å skremma dei med blanke CD-PLATER, kvitlauk eller plastsekker som blafrar i vinden.

Men ifølgje forskaren finst det eigentleg berre éi sikker løysing: Å passa på at rådyra ikkje kjem seg fram til plantane ein vil verna.