På ein pressekonferanse sa Nasa at astronautane Zena Cardman, Mike Fincke, Kimiya Yui og Oleg Platonov vil returnere til jorda i løpet av dei neste dagane. Det er tidlegare enn planlagt, skriv The Guardian.
Dei fire astronautane reiste til Den internasjonal romstasjonen i august. Dei skulle etter planen vere der minst seks månader.
Men onsdag førre veke blei ein av astronautane sjuk. Årets første romvandring blei avlyst, og i staden måtte dei planlegge heimreisa.
Det er ikkje kjent kven av astronautane som er sjuk, eller kva sjukdom det er, men Nasa seier det er så alvorleg at dei må behandle det på jorda.






















