Aldri har nokon vore lenger vekke frå jorda | Framtidajunior.no

Aldri har nokon vore lenger vekke frå jorda

Astronautane gjorde eit intervju i rommet. | Foto: NASA via NTB, AP

Romferja Artemis II har sirkla rundt månen, og landar i Stillehavet utanfor California natt til laurdag. I banen rundt månen var dei lenger unna planeten vår enn noko menneske har vore før, heile 406 772,9 kilometer frå jorda.

Oppdraget varar i rundt ti dagar, og målet er å teste system ein treng før ei faktisk månelanding. Mellom anna testar dei system for å halde mannskapet i live, navigasjon og kommunikasjon.

Ingen menneske har vore utanfor jordas bane sidan Apollo 17 i 1972. Det er siste gongen menneske har landa på månen.

Slik vil astronautane om bord på Artemis II landa på jorda natt til laurdag. Foto: NASA

Kva meiner du?

426 svar

Kva vil du ha meir av på Framtida junior i sommarferien?

Trykk på eit svar for å sjå kva andre meiner. Vi lagrar ikkje kven som svarar.

Les vidare

Utforsk meir