Norfund, eit norsk selskap, skal difor bruka 100 millionar kroner på å laga bind i Uganda, skriv NRK.
– Manglande tilgang til mensprodukt hindrar jenter og kvinner i å gå på skule og delta på lik linje med gutar og menn i samfunnet. Å betra tilgangen til rimelegare produkt er eit viktig bidrag til auka likestilling, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust (Ap) i ei pressemelding.
Les også: Fortel om fyrste gong dei fekk mensen
Bra for alle
Organisasjonen Care Norge seier det er bra både for jentene og for dei som får jobb med å laga binda.
– I arbeidet vårt møter me mange av jentene som har droppa ut av skulen på grunn av manglande kunnskap om mensen eller som sel sex for å få råd til bind, seier generalsekretær Kaj-Martin Georgsen i Care Norge.
Det var NTB som fyrst omtala saka.