Tennisstjerne vert hylla for openheit om mensen

Kinesiske Qinwen Zheng (19) fortalde verda om korleis mensen påverka ho etter å ha tapt i French Open.

Denne saka var først publisert hjå Framtida.no. Der kan du også lesa om at det er Stor interesse for humanistisk konfirmasjon og at Fråværsreglane blir gjeninnførte i haust.


– Eg må drive med idrett og har alltid masse smerter den første dagen. Eg kunne ikkje kjempe mot naturen. Eg skulle verkeleg ønske eg kunne vere ein mann og slapp å slite med det. Det er vanskeleg. 

Det sa den kinesiske stjerneskotet Qinwen Zheng (19) ifølgje NRK på pressekonferansen etter å ha tapt mot polske Iga Swiatek i French Open.

19-åringen har overraska mange i årets French Open. Ho er rangert som nummer 74 i verda, men har slått ut fleire store stjerner i turneringa.

I kampen mot Swiatek måtte Zheng ta ein medisinsk pause. Etter tapet fortalde ho pressa at det var på grunn av magesmerter, som hindra ho i å få ut sitt aller beste.

40-100 mensdagar i året

Basert på ein gjennomsnittleg menstruasjonssyklus, som er 28 dagar, og ein blødningsperiode som normalt kan vere frå 3-8 dagar, vil ei gjennomsnittleg kvinne ha mensen i rundt 40-100 dagar i året.

Det betyr at mange idrettsutøvarar vil vere påverka av mensen under både trening og konkurransar, noko som har fått meir merksemd den siste tida.

Fleire store tennisstjerner hyllar 19-åringen for openheita, mellom anna puertoricanske Mónica Puig. På Twitter rosar ho tenniskollega Zheng for å setje fokus på noko som påverkar kvinnelege idrettsutøvarar.

– For ikkje å nemne den mentale påkjenninga det er å spele to veker i kvitt og be til høgare makter om at ein ikkje får mensen under Wimbledon.