I februar 2019 gjekk det ein veldig nervøs gut med ein ryggsekk full av teikningar inn på KanonCon i Oslo. Odin skulle levere teikningane sine til redaktørane Tonje Tornes og Tormod Løkling. Tidlegare hadde dei snakka via e-post. Han fortel at han var kjempenervøs då han gjekk bort til dei.
– Hei, eg er Odin. Eg har noko eg vil vise dykk, kan eg få lov til det? Eg har trua på dette, sa han til dei.
Redaktørane bad han kome tilbake eit par timar seinare. Då han returnerte, fortalde dei at dei likte streken hans. Det vil seie, måten han teikna på. Dei ville at han skulle kome med meir innhald til sommaren 2019.
Ein barndomsdraum
Spol fram seks år, og Odin Helgheim har gitt ut seks bøker i Ragnarok-serien. Den sjette boka var den siste.
Same året som første boka kom ut, vart Odin ferdig med lærarstudiet.
– Eg tenkte, no skal eg ikkje byrje og jobbe som lærar med ein gong, no skal eg satse litt meir på det her, og sjå kvar det tar meg, forklarer han.
Odin fortel at bøkene hans gjorde det så bra at han ville halde fram med streken sin.
– Bøkene tok av, så eg berre spurta vidare. Det har vore ein barndomsdraum å halde på med dette, så eg tenkjer eg berre må fortsette med det så lenge eg kan, seier han.

Må våge
Odin har fleire prosjekt på gang, mellom anna er han illustratøren i teikneserien Edelmot, som Victor Sotberg har historia til.
– Var det arbeidet med Ragnarok som gjorde at du no jobbar med Edelmot?
– Absolutt, svarar Odin entusiastisk. – Victor såg korleis eg teikna fordi eg skapte Ragnarok.
Odin trur det er mange som gjerne kunne tenke seg å vere teikneserieskaparar, men som kvir seg på å dele det dei har laga med verda.
– Man må tore å vise og gi ut det ein skapar så folk kan sjå det. Det at eg torde er grunnen til at eg fekk fleire moglegheiter, seier han.
Ingen alder på teikneseriar
Odin har vore på mange signeringar for bøkene sine i løpet av åra. Der får han møtt lesarane sine, i alle aldrar.
– Eg blir like overraska kvar gong over at det kan kome ein seksåring som har lese, eller fått bla i bileta, seier Odin.
Etter seksåringen, kan det vere ein 50-åring som dukkar opp for signaturen til forfattaren.
– Eg trur ikkje det er nokon alder på teikneseriar. Det er noko alle kan tykkje er kjempegøy.
Tre kjappe
– Kven er dine litterære førebilete?
– Mest av alle, er det Akira Toriyama som er mitt førebilete. Han skapte Dragon Ball, og det var denne mangaen som sette i gang kreativiteten.

– Kven av karakterane i Ragnarok ville du møtt?
– Eg ville nok likt å møte Ubbe. Men eg trur ikkje Ubbe ville likt å møte meg, for det er eg som har gitt han alle desse problema. Han hadde nok berre vore sur på meg.
– Kvar går vegen vidare med nye idear?
– Eg har planar om å halde fram med å lage teikneseriar med vikingar og norrøn mytologi. Det tykkjer eg er interessant, og eg skal jo kose meg når eg sit og illustrerer.