Thomas har skrive bok om verdas villaste bandittar

Forfattar Thomas Brunstrøm har skrive ei bok full av tjuvar, røvarar og luringar som gjer ting dei ikkje har lov til – og han synest ikkje det er noko å skamma seg over. Tvert imot meiner han at barn har godt av å lesa om både lura triks og dårlege avgjerder.

Fakta om forfattaren:
  • Thomas Brunstrøm er ein dansk forfattar.
  • Han er også utdanna journalist og jobbar som freelancejournalist og filmmeldar.
  • Tidlegare har han mellom anna skriva den morosame og kritikarroste Sallys Pappa-serien.
LES FAKTALUKK FAKTA

Boka til Thomas, «Verdens villeste banditter», handlar om alt mogleg slags rampete folk – frå små luringar til storsvindlarar. Ein av dei selde Eiffeltårnet. To gonger. Utan at han eigde det.

Illustrasjon: Nibs / Jonas Sonne

– Boka handlar om tjuvar og røvarar og alle slags folk som har gjort ting ein ikkje har lov til, forklarer Thomas.

– Ofte på ein måte som gjer at ein nesten blir litt imponert. Til dømes han som selde Eiffeltårnet – sjølv om det ikkje var hans! Det er slemt, men ganske genialt òg, held han fram.

Bokomslag: Cappelen Damm

Fascinert av det forbodne

Han har alltid vore fascinert av det som er forbode. I tillegg til boka om bandittar har han tidlegare skrive ei bok om banneord.

– Eg synest ting som er forbodne, er veldig spennande. Derfor ville eg utforska kvar banneord kjem frå, kva dei betyr og korleis ein banner i andre land, fortel han.

Sjølv om den nye boka handlar om kriminelle, er ikkje Thomas bekymra for at barn skal få dårlege idear.

– Nei, slett ikkje. Eg er heilt sikker på at norske barn veit at det er gale å stela og lura andre. Men det betyr jo ikkje at det ikkje er spennande å lesa om dei som gjer det. Kunnskap er alltid bra – også om dårlege ting. Eg synest til dømes at ein bør læra om Adolf Hitler, sjølv om det er ein superdårleg idé å vera nazist, seier han.

Illustrasjon: Nibs / Jonas Sonne

Ingen skam

Han har heller ingen problem med å gjera kriminelle handlingar morosame i ei barnebok.

– Det skammar eg meg på ingen måte over!, seier han bestemd.

Mange ville kanskje tru at foreldre og lærarar kunne vorte bekymra for innhaldet i boka. Men det har ikkje Thomas merka noko til.

– Eg har ikkje fått éin einaste negativ reaksjon frå verken lærarar eller foreldre. Kanskje det er fordi me i Danmark ikkje er så bekymra for sånne ting. Me har ein lang tradisjon for barnebøker og barne-TV der hovudpersonane ikkje nødvendigvis er heilt perfekte.

Illustrasjon: Nibs / Jonas Sonne

Det perfekte kuppet

Han trur det er noko med bandittar og skurkar som fengjer fantasien til både store og små.

– Veldig mange – både barn og vaksne – dagdrøymer om å gjera det perfekte kuppet. Du veit, å stela mange millionar på ein supersmart måte og så leva resten av livet på ei tropisk øy. Dei fleste gjer det jo aldri, men det er gøy å tenkja på.

Forfattaren har ein favorittbanditt.

– Favorittbanditten min er nok Yoshie Shiratori, som rømde frå fengsel fire gonger på veldig listige måtar. Eg veit jo at når ein først har vorte sett i fengsel, så skal ein helst sitja der til ein blir sleppt ut, men eg forstår godt trongen til å rømma.

Illustrasjon: Nibs / Jonas Sonne

Skriv kvar dag

For barn som drøymer om å bli forfattarar sjølv, har han eit enkelt, men viktig råd:

– Skriv, skriv, skriv! Det å vera forfattar er akkurat som å spela fotball eller gitar. Jo meir du øver, jo betre blir du.

Sjølv skriv han kvar einaste dag, anten han kjenner seg inspirert eller ikkje.

– Dette er jobben min, og eg har alltid fleire bøker eg har lova å levera. Viss eg berre skreiv når eg hadde lyst, ville redaktørane mine vorte ganske sure! Så eg skriv – kvar dag.

Illustrasjon: Nibs / Jonas Sonne