KrFU
Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) er Ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF). KrF er eit politisk parti som mellom anna er opptekne av at kristendommen skal ha ein spesiell plass i samfunnet, i tillegg til politiske saker som handlar om familie og rusmiddel.
Kjelder: Vesle Norske Leksikon
Det sa KrFU sin leiar Hadle Rasmus Bjuland i NRK nyheitsmorgon.
Moderpartiet KrF meiner dette er ein god idé.
– Det å gi barn smarttelefon gjer noko med heile oppveksten til barn og unge, og derfor trur eg det ville vore klokt å sette ei slik type aldersgrense, seier KrF politikar Ida Lindtveit Røse til NRK.
Skeptisk
Christer Hyggen er forskar ved universitet OsloMet. Han trur ikkje forslaget frå KrFU er ei god løysing.
– Her verkar det som KrFU sausar saman alle moderne bekymringar, om skjermtid, gaming, sosiale medium og nettmobbing, og skal løyse det med å ta mobiltelefonane frå barn, seier forskaren til NRK.