Kvifor har rådyr kvit rumpe?

Ung.Forskning.no har spurt ein forskar om nettopp det.

Har du nokon gong lurt på kvifor rådyr har kvit rumpe? Svaret handlar faktisk om både tryggleik og familie.

Når rådyret blir redd, reiser håra seg på rumpa, og den kvite flekken blir større. Det er som ein alarm. Då ser dei andre rådyra at noko er farleg, og spring etter, ifølgje forskarane Ung.Forskning.no har snakka med.

GIF: Giphy.com

Hjelp i mørket

I tillegg hjelper den kvite rumpa kalvane med å finna mora si, særleg når det er mørkt.

– Lyse rumper er vanleg hos andre dyr som elg og hjort òg, seier forskar Andreas Zedrosser til Ung.forskning.no.

Forskarar trur at rådyr med lys rumpe fekk fleire ungar, og at det derfor vart vanlegare etter kvart.