Dette er ti av dei mest utryddingstruga dyra i verda

Meir enn 26 300 artar, noko som svarer til 28 prosent av alle artane i verda, er i dag utryddingstruga, ifølgje den globale raudlista. Her er ti av dyra som står i aller størst fare for å døy ut.

Afrikansk elefant

I Afrika finst det to artar elefant: Savanneelefant og skogselefant. Begge desse artane er utryddingstruga, men skogselefanten står i endå meir fare enn savannelefanten. Noko av det som trugar dei afrikanske elefantane er tørke, ulovleg jakt og turisme.

Foto: Pixabay

Moldvarpsalamander

Axolotl, også kalla moldvarpsalamander, tilhøyrer ambifibiefamilien (i likheit med frosk og firfisler). Moldvarpsalamanderen finn vi i Mexico og arten held til i ferskvatn og landområda rundt. Arten er mellom anna truga av utbygging av veg og bygningar, ulovleg jakt og forureining. I dag er det ein stad mellom 50 og 1000 vaksne individ av denne arten.

Foto: Pixabay

Dovendyr

Dvergdovendyr med tre tær er ein alvorleg trua dovendyrart. Arten held til i skogen på øya Isla Escudo de Veraguas. Øya ligg i Det karibiske hav, rett utanfor kysten til Panama. Dvergdovendyret med tre tær er alvorleg utryddingstruga grunna avskoging og at folk fangar arten for å ha han som kjeledyr.

Foto: Pixabay

Flaggermus

Flaggermusarten sardinsk langøyra flaggermus held til i skogen og i grotter på den italienske øya Sardinia. Noko av det som trugar denne arten er turisme, tørke og høge temperaturar. Det er omtrent 150 vaksne individ av denne arten i dag.

Foto: Wikimedia commons

Hammerhai

Hammerhaien held til i kystområde i dei varmaste delane i verda, til dømes i havet utanfor Hawaii, India og dei nordlege delane av Australia. Det som først og fremst gjer hammerhaien alvorleg utryddingstruga er fiske.

Foto: Jéan Béller / Unsplash

Spissnashorn

Nashornarten spissnashorn finn vi på savannen, i krattskog og i ørken i store delar av Afrika. Spissnasornet har status som alvorleg utryddingstruga, men bestanden er faktisk aukande. I dag er det rett over 3000 vaksne individ av arten. Dei største truslane for spissnashornet er ulovleg jakt, sjukdommar og krig og uro.

Foto: Pixabay

Orangutang

Orangutang er den største apa i verda. Dei lever i regnskogen på øyane Sumatra og Borneo i Søraustasia. Avskoging og ulovleg fangst og jakt er blant årsakene til at desse apane er alvorleg utryddingstruga.

Foto: Pixabay

Kamel

Det er omtrent 950 ville kamelar i verda i dag. Dei lever i ørkenen i Kina og Mongolia. Det som mellom anna trugar den ville kamelen er ulovleg jakt og fangst og utbygging av industri og jordbruk.

Foto: Pixabay

Skjelpadde

Havskjelpaddearten karett har sitt habitat i store delar av verdas hav, men ikkje i dei kaldaste områda slik som langs norskekysten. Noko av det som gjer at karetten er alvorleg utryddingstruga er klimaendringar, forureining og fisking.

Foto: Pixabay

Pangolin

Pangolin er ei skjeldyr, som vil seie at det meste av kroppen deira er dekt av skjel. Filippinsk pangolin (på bildet) lever i skog og krattskog på Filippinane. Denne pangolinarten er alvorleg utryddingstruga mellom anna grunna avskoging og ulovleg jakt og fangst. 

Foto: Firdia Lisnawati, File / AP Photo