Nedteljinga har starta: Skyt opp romrakett frå Noreg

Det vil bli ein historisk dag for Noreg og Europa, når raketten «Spectrum» tar til verdsrommet.

Isar Aerospace skal skyte opp raketten «Spectrum» frå Andøya i Noreg. Dette er eit prøveprosjekt som skal hente inn informasjon om oppskytinga. Informasjonen skal dei bruke til å gjere komande rakettar betre for framtidige oppdrag. Rakettane for dei neste to oppdraga er allereie under bygging.

Her heiser dei opp raketten på Andøya si romhamn. Foto: Wingmen Media

Satellittar frå Noreg

Isar Aerospace har teikna, utvikla og bygd heile romraketten. Ved å utvikle romraketten sjølv, blir det billigare å bygge den. Dei jobbar òg for at det skal vere mindre forureinande å sende opp rakettar. Rakettane er «bererakettar» som skal bere med seg og plassere satellittar i bane rundt jordkloden.

Det er Andøya Space som eig romhamna raketten skal bli skoten frå. Isar Aerospace har fått eksklusiv avtale med Andøya Space som første brukar av den eine utskytingsrampa.

Isar Aerospace utfører «hot fire» testar. Det gjer dei for å sjå at systema er på plass for å tole oppskytinga seinare. Foto: Wingmen Media

Europahistorie på norsk jord

Det første vindauget for å sende opp raketten, var mellom klokka 12:30 til 15:30, 24. mars. Men Isar Aerospace skriv på heimesida si at dei skal finne eit nytt tidsrom. Dette er fordi ei oppskyting er avhengig av at alt går etter planen. Nokre ting kan dei ikkje kontrollere, som vêret. Vinden var grunnen til at oppdraget vart utsett denne dagen.

Etableringa av utskytingsrampene hjelper med å gjere Noreg om til ein sentral romnasjon i Europa. Dette testoppdraget er det første av sin type i Europa. Dermed blir det ei historisk hending.