Viss havet held fram med å stiga, kan Maldivane til slutt bli slukt av vatnet, skriv Ung.Forskning.no.
Korallreva rundt Maldivane er viktige. Dei fungerer som naturen sine eigne bølgjevernarar og hindrar øydelegging av strender og hus.
Bygd på korallrev
– Maldivane er ein øynasjon som består av 1190 øyar som er bygd på korallrev og nesten 99 prosent av landet er dekt av hav. Det gjer at havet er viktig for oss. Det er ein del av kulturen vår, fortel Naffath Nasir til Ung.Forskning.no. Han jobbar for Maldives Resilient Reefs.
– Me er avhengig av korallreva våre som naturlege barrierar for å verna øyane våre frå bølgjar, storm og kysterosjon. Det er alvorleg, for mykje av turiststadene våre, hus og viktige bygningar er berre 100 meter frå kysten, held han fram.
Når havet blir varmare, kan korallreva døy. Då blir øyane endå meir utsett.
Stig raskare
Havet stig fordi is smeltar på Grønland og i Antarktis. Pluss at når vatn blir varmare, utvidar det seg.
Forskar Kristin Richter seier til Ung.forskning.no at havet stig raskare no enn før.
I Noreg stig ikkje havet like raskt fordi landet vårt også hevar seg etter istida. Men forskarar trur havet vil stiga meir i framtida, og for å stoppa dette må me sleppa ut mindre klimagassar.
