Tysdag vedtok den ungarske nasjonalforsamlinga ei lov som forbyr pride-arrangement. Det melder nyheitsbyrået AP.
Forslaget blei lagt fram måndag, og vart tysdag stemt gjennom med 136 mot 27 stemmer. Lova er støtta av statsminister Viktor Orbán sitt nasjonalkonservative parti Fidesz og koalisjonspartnaren Dei kristendemokratiske.
Under avstemminga tente opposisjonspolitikarar røykbomber som fylte salen i parlamentet med fargerik røyk.
Omstridd lov
Lova gjer det straffbart å arrangere eller delta på arrangement som bryt Ungarns omstridde lovgiving for «vern av barn», som forbyr «framstilling eller promotering» av homofili til mindreårige under 18 år, skriv AP.
Lova tillèt òg styresmaktene å bruke programvare for ansiktsgjenkjenning for å identifisere dei som bryt forbodet og deltek i pride-parade.
Det er det siste av fleire tiltak frå Orbán som avgrensar skeives rettar i Ungarn. Orbán innførte i 2021 forbod mot positiv omtale av kjønns- eller seksualitetsmangfald.
Brot på det nye pride-forbodet kan gi bøter på inntil 200 000 ungarske forintar, som svarar til i underkant av 6000 kroner.
– Det er fascisme
Budapest Pride markerer 30-årsjubileum i år, og skal etter planen finne stad 28. juni.
– Dette er ikkje vern av barn, det er fascisme. Regjeringa prøver å avgrense fredelege protestar med ei kritisk stemme ved å angripe ein minoritet. Difor vil vi som rørsle kjempe for fridomen til alle ungarar til å demonstrere, uttalar arrangørane av Budapest Pride, ifølgje nyheitsbyrået.