Ungarn forbyr «promotering av homofili»

Ungarn har vedtatt ei lov som forbyr promotering av homofili overfor mindreårige. Lovforslaget som vart vedtatt forrige veka, hadde eit stort fleirtal.

Det nye lovverket forbyr all undervisning og offentleg publisitet om seksuelle minoritetar, eller LGBT, på skular og i barnehagar. Vedtaket gjekk gjennom med 157 stemmer i Ungarns nasjonalforsamling forrige veke. Berre ein representant stemte mot, skriv NRK.

Men det nye lovverket har ikkje gått stille for seg blant innbyggjarane i landet. Tusenvis av ungararar samla seg for å demonstrera utanfor parlamentet i hovudstaden Budapest. Amnesty International seier at opprøret viser at mange i Ungarn «avviser homofobi, transfobi og regjeringa i landet sitt forsøk på å spreia hat».

Skal verna barn mot pedofili

Lova er lagt fram av partiet til statsministeren i Ungarn, Viktor Orban. I forslaget skriv regjeringa at den skal verna barn mot pedofili.

Pedofili er når vaksne gjer eit overgrep mot eit barn. Alle har ein kropp som dei sjølv bestemmer over. Andre har verken lov eller rett til å ta på eller å røra deg om du ikkje vil det. Her kan du lesa meir om kva som blir rekna som eit overgrep, og kva du kan gjera dersom du eller nokon du kjenner opplever det. 

Statsministeren har tidlegare innført ei rekkje lover og reglar som har stramma inn rettane for homofile og andre seksuelle minoritetar i landet.

Det er berre gifte par som får lov å adoptera barn, og i Ungarn er ekteskap berre lov mellom mann og kvinne. I grunnlova deira heiter det at «mor er kvinne, og far er mann».