Dette fossilet er delar av eit ansikt frå ein menneskeleg stamfar, og det er det eldste som nokon gong er funne i Europa, skriv NRK.
Fossilet, som er ein bit av eit kinnbein og overkjeve, blei funne i ei grotte i Nord-Spania i 2022. Fossilet er mellom 1,1 og 1,4 millionar år gamalt, og det er første gongen nokon har funne så gamle levningar i Vest-Europa. Funnet blei gjort i ei grotte som heiter Sima del Elefante. Grotta ligg ein plass som heiter Castilla y León.
Det var AP og tidsskriftet Nature som fyrst omtala saka.