Dei aller tøffaste hoppa frå moloen i Sponavikjo.
– Det var veldig kaldt, men eigentleg var det ganske deileg, syntest eg. Eg var den første av elevane som hoppa. Eg trefte botn. Det var litt skummelt, men veldig deileg, eigentleg. Eg svømte for å komma på land, og klatra opp stigen. Den var ikkje enkel å koma opp, fortel Selma Midttun Håvardsholm.
– Då eg gjekk uti vatnet, følte eg at eg kom til og mista tærne. Men det gjekk bra. Etterpå dykka eg, og det var deileg då eg var under vatn. Det var liksom varmt! Eg vil gjera det igjen, seier Juan-Jose Roudriguez.
– Eg trur ikkje så mange skular går og badar i februar, legg han til.

Viktig erfaring
Lærarane meiner det er viktig å ha erfaring med kald sjø, i tilfelle noko skulle skje. Me skulle testa grensene våre, og sjekka kor mykje me toler av kulde.
– Det var 3 grader celsius i vatnet, og me skulle kjenna på korleis det var og ramla uti sjøen når det var minus grader i vatnet, fortel Thea Moss Bjelland.
– Me skulle kjenna kossen kroppen vår reagerte då me var ute i sjøen. Lærarane sa at me måtte pusta roleg og holda roen når me var uti, fortel Selma Midttun Håvardsholm.
– Viss du dett uti kaldt vatn, må du fokusera på pusten, legg Peder Lunde Lie til.

Fleire nivå
Elevane testa ut isbading på systematisk vis.
– Etter me hadde ete prøva me ut nivå 1 der alle skulle gå uti vatnet opp til ankelen. Dei fekk kjenna litt på kulden. Etter nivå 1 var det nivå 2. Det var opp til kneet. Dei som ville prøva nivå tre gjekk uti vatnet heilt opp til magen. Det var fleire som gjorde nivå 3. Så kom nivå 4-5 det var å gå til vatnet var over skuldrene. Eg gjennomførte nivå 4. Det var iskaldt, men eg gjorde det to gonger. Første gongen var det ikkje så kaldt, men andre gongen var det iskaldt, fortel Tuva Alvsvåg.
Grilla og koste seg
Nesten ingen hadde med seg vanleg mat til lunsj denne dagen. Dei fleste hadde med mat til å grilla.
– Då me kom fram til Sponavikjo hadde nokon elevar konkurranse om å laga best bå, fortel Tuva Alvsvåg.
– Me hadde bål, og det var strålande sol. Mange hadde med seg kakao, og pølser og ostesmørbrød til å grilla på bålet, fortel Daniel Tveit Rikstad.
Håpar på fleire turar på stranda
– På slutten var alle fornøyd etter ein fin dag på skulen, og ei god oppleving. Eg trur mange håpar på ein til tur før ungdomsskulen, seier han.
– Alle var veldig glade og stolte av seg sjølv. Eg har veldig lyst å gjera det igjen, men då skal eg hugsa t-skjorte. Eg kan også berre vera der ein annan gong utan bading. Det var veldig deileg og berre vera der i strålande vintersol, seier Elida.
– Då eg kom heim var eg veldig kald på tærne, men resten av kroppen var varm. Eg vil veldig gjerne isbada igjen, seier Selma.