Mange unge søv for lite på grunn av mobilen

Mange unge har vanskar med å sovne på kvelden.

Born og ungdom treng mellom 8 og 10 timar søvn kvar natt. Søvn er viktig for at ein klarar å følge med i skuletimen og hugse det ein lærer.

No viser ei undersøking frå Ungdata at mange born får altfor lite søvn.

Fire av ti ungdommar svarte at dei søv mindre enn seks timar om natta. 

Berre tolv prosent av ungdommane sa at dei søv meir enn ni timar.

Mange svara også at dei har vanskar med å sovne om kvelden, og at dei er så trøytte på dagen at det går utover skule og fritid.

Vel TikTok i staden for søvn

Magnus Ingebretsen er doktorgradsstudent i psykologi. Han fortel til avisa Stavanger Aftenblad at mange unge får for lite søvn fordi dei ser på mobilen når dei skal legge seg. Nokre skrollar på TikTok og Snapchat til langt på natt.

– Mange lèt mobilen vere på om natta, utan å slå på «ikkje forstyrr». Dei er redde for å gå glipp av noko, fortel han.