Apple i trøbbel: Siri anklaga for tjuvlytting

Apple må betale mykje pengar fordi folk meiner stemmeassistenten Siri har tjuvlytta på private samtalar. 

Folk som saksøkte, seier at Siri spelte inn ting utan at dei skrudde ho på, og at Apple delte dette med reklamefolk, skriv NRK.

Apple nektar for å ha gjort noko gale, men vil likevel betale 95 millionar dollar for å få slutt på saka. Det er det samme som 1,1 milliardar norske kroner.