For litt over eitt år sidan bestemte Ask Johannes Baumberger (8) seg plutseleg for å prøve tredemølla til faren sin. Sidan den gongen har guten frå Siggerud vore hekta på å springe.
I starten sprang Ask Johannes mykje innandørs på tredemølla, men etter kvart har dei fleste treningsøktene blitt gjort ute i naturen.
– Det er gøyare å springe ute sidan det alltid er noko å sjå på, fortel han.
Ask Johannes trenar ikkje på nokon bestemt måte, men berre spring når han kan og vil.
Lange turar
Akkurat kvifor han er så glad i å springe langt og lenge er Ask Johannes litt usikker på sjølv. Uansett har han brukt denne gleda til sin fordel i ulike utfordringar det siste året.
Ask Johannes deltok mellom anna på eit Backyard Ultra-løp i Oslo. Backyard Ultra er eit type løp der det er om og gjere å springe så langt ein kan. Ask Johannes enda på 27 kilometer denne tidlege vårdagen.
– Då sa pappa at det var nok, fortel Ask Johannes som trur han eigentleg kunne sprunge lenger.
Eit anna løp Ask Johannes deltok på i år var Østmarka trailrun – eit terrengløp på 37 kilometer. Her kjempa Siggerud-guten seg gjennom bratte bakkar, ulendt terreng og blaute stigar.
Topptur-turné
Men det er ikkje berre løpekonkurransar Ask Johannes har teke seg til det siste året. I sommar la han og faren Anders ut på langtur i Rondane, der målet var å nå alle ti 2000-metertoppane i nasjonalparken.
– Eg blei sliten, men da la vi oss berre ned og kvilte, før vi gjekk vidare, seier Ask Johannes.
Etter 72 timar gåing, beståande av 52 kilometer og 5100 høgdemeter, nådde dei endeleg målet.
72 TIMAR GÅING: På turen sin i Rondane gjekk Ask Johannes og faren i 72 timar i strekk berre avbrote av ete- og sovepausar. Foto: Privat
Trent i hovudet
– Det er gøy å gjere slike utfordringar når ein har trent så lenge. I tillegg føler ein seg glad etterpå, seier Ask Johannes.
Men for å klare å gjennomføre slike lange turar og løp krevst det ikkje berre at ein er fysisk godt trent, påpeiker han.
– Ein må også vere godt trent i hovudet. Ein må ha motivasjon og tenke at ein skal klare det sjølv om ein er sliten, forklarer Ask Johannes.
Ask Johannes rår andre barn og unge som har lyst til å begynne å springe om å melde seg på eit løp. Då blir ein motivert til å trene, meiner han
– Når ein skal trene held det å ta ein løpetur på eit par kilometer. Det treng ikkje å vere så langt med ein gong, tipsar han