Kongens nyttårstale vekte folks interesse, ifølgje tidsskriftet Kampanje.
Til saman har 834 000 folk sett talen, som vart sendt på NRK. Det er 130 000 fleire sjåarar enn året før.
Har skjedd mykje
I 2024 har det skjedd mange ting i den norske kongefamilien som har gjort at folk har blitt ekstra interesserte.
- Kong Harald har vore på sjukehus fleire gonger i år. Mange har vore bekymra for helsa hans.
- Prinsesse Märtha Louise gifta seg med Durek Verrett i august. Det var eit stort bryllaup i Geiranger, og mange snakka om det både før og etterpå.
- Marius Borg Høiby, som er sonen til kronprinsesse Mette-Marit, er mistenkt for vald, valdtekt og trugslar mot fleire kvinner og har fått mykje merksemd i media.
Også «Året med kongefamilien» vart sett av mange. Nesten 800 000 har sett NRK-programmet. I fjor var sjåartalet 472 000.