I ein studie gjennomført frå University of California San Diego, forsøkte forskarar å finne ein formel på korleis ein kan rekne ut ein hund sin alder i menneskeår, skriv forskning.no.
Det var hunderasen labrador retriever, som i gjennomsnitt lever i 12 år, som blei forska på. Dette då dei har ein temmeleg gjennomsnittleg levealder for hundar.
Samanlikna aldring hos hundar og menneske
I studien samanlikna forskarane hundar og menneske sin aldring. Då fann dei ein ikkje-lineær samanheng mellom livssyklusen til labradorar og livssyklusen til menneske.
Det vil seie at ein ikkje kan seie at eitt hundår svarer til eitt bestemt tal menneskeår. I staden varierer det kor mange menneskeår eitt hundår svarar til utover i hunden sitt liv.

5 hundeår = 56 menneskeår
Formelen forskarane kom fram til viste at i løpet av ein labrador sitt første leveår, eldast han over tretti menneskeår.
Året der hunden går frå å vere fire til fem, eldast han berre med eitt par menneskeår. Ein labrador på fem år er 56 år i menneskeår, ifølgje forskinga.
Sidan studien er gjort på hunderasen labrador, viser ikkje grafen på bildet over nøyaktig menneskealder på hunderasar som lever kortare eller lenger enn labradorar.