Humanitær hjelp
Humanitær hjelp, også kalla humanitær bistand eller naudhjelp, er internasjonal hjelp som skal redde liv og lindre naud i krisesituasjonar.
Kjelde: Store norske leksikon
Torsdag la UNICEF fram rapporten Humanitarian Action for Children (HAC). Her blir det rekna med at 213 millionar barn i 146 land og territorium vil trenge livsviktig hjelp og vern i 2025.
Årsakene til at desse barna vil trenge hjelp er mellom anna krig, konflikt, flukt og sjukdomsutbrot.

Ber om rekordmykje pengar
No ber UNICEF om 9,9 milliardar dollar, tilsvarande nesten 109,5 milliardar norske kroner, for å kunne hjelpe så mange som mogleg i 2025.
– I ei ustabil verd er det viktig at UNICEF får den støtta dei treng for å nå kvart barn med livsviktig hjelp og vern der dei er og når dei treng det, seier Maria Greenberg Bergheim, generalsekretær i UNICEF Noreg, i ei pressemelding.
Pengane UNICEF tek imot skal mellom anna bidra til at barn får tilgang til helsetenester, mental helsehjelp, utdanning og oppfølging ved underernæring.
Slik oppstod konflinkten: Kva bør du vita om krigen i Gaza og Israel?