ALVILDE (11), Trondheim
– Min favorittteikneserie er Orange. Den teikneserien er seriøst bra. Han handlar om eijente som får eit brev. Brevet viser seg å vere skrive av henne sjølv ti år inn i framtida. I brevet er det åtvaringar om at ein av vennane hennar kan døy, så ho må gjere noko annleis for at dette ikkje skal skje.
– Kva er din favoritt-teikneseriekarakter?
– Gojo frå Jujutsu Kaisen. Han ser veldig tøff ut og han er veldig tøff også – han er veldig sterk. I teikneserien er mange forelska i han på grunn av dei fine auga hans.
ELISE (10), Trondheim
– Eg likar godt En pingles dagbok, men favoritt-teikneserien min er nok Gutta i trehuset. Gutta i trehuset er artig for det handlar om nokre gutar som byggjer eit trehus. Dei byggjer fleire og fleire rom og etasjar. No les eg boka der dei har fått bygd 130 etasjar. Her blir dei ført bort av eitdigert auge, men gutane i trehuset har eit våpen; nemleg såpebobler.
– Kva er din favoritt-teikneseriekarakter?
– Min favorittkarakter er Terri frå gutane i Trehuset. Han er smart men også ganske dum. Han er veldig morosam og har mange gode idear.
VICTORIA (11), Skjåk
– Eg er glad i Donald Duck. Eg synest historiene er veldig spennande. Donald gjer så mykje rart og så er han så artig.
– Kva er din favoritt-teikneseriekarakter?
– Min favoritt er Onkel Skrue frå Donald Duck fordi han er artig og reiser mykje rundt om i verda på skattejakt. I tillegg er han litt rar og gjerrig.
IDUN (10), Skjåk
– Eg likar godt Ragnarock. Det handlar om ein gut som lever i vikingtida. Det heile startar med at det kjem ein ulv som viser seg å vere fenrisulven. Om ein får sikkelet hans i auga blir ein blind. Det er umogleg å drepe fenrisulven. Det er mykje spennande som skjer.
– Kva er din favoritt-teikneseriekarakter?
– Eg likar veldig godt Robin Duck. Han er ei karakter frå Donald Duck-verda. Robin Duck var tjuv på 1800-talet. Han stel frå dei rike og gir til dei fattige. Historiene om han er alltid veldig spennande. Det er frå gamle dagar og derfor litt annleis enn dei vanlege donaldteikneseriane.