Rekordsal av norsk måleri

Måleriet «Kvitebjørn kong Valemon» av Theodor Kittelsen vart seld på aksjon for rekordsummen 36 millionar kroner denne veka.

Den tidlegare rekorden for eit norsk måleri var på 14 millionar, skriv NRK. Også det var eit Kittelsen-bilete.

Biletet frå 1912 med motiv frå eventyret til Asbjørnsen og Moe, var privateigd før auksjonen. Nasjonalmuseet ville gjerne kjøpe biletet, men ha ikkje råd. Dei håpar at den som har kjøpt biletet vil gjere det tilgjengeleg for offentlegheita.

Det er førebels ikkje kjent kven som har kjøpt måleriet.