Kva i all verda åt dei i steinalderen?

- I søppel frå steinalderen finst det restar av mykje forskjellig mat, fortel arkeolog og forfattar Eirin Holberg.

På kysten var det noko å finne heile året.

– Dei åt egg, nøtter, bær og skjel. Dei dreiv med selfangst og fiske, og dei jaga store dyr som elg og rein i innlandet. Det er naturleg å tenkje at barna deltok i sanking av både skjell, egg og bær tidleg. Etter kvart vart dei også med på jakt, fortel Eirin Holberg som saman med illustratør Åshild Irgens har laga boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong».

LES OGSÅ: I steinalderen var det ingen skular – men dette måtte alle læra

Arkeolog og forfattar Eirin Holberg likar å grave i jorda etter gamle skattar. Les meir om  boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong» her!

NY FORSKNING: – Det kjem nye funn og ny forskning heile tida. Det er ikkje lenge sidan DNA-forskning viste oss at dei første menneska i Skandinavia hadde mørk hud og mørkt hår. Etter kvart kom det ny innvandring frå nordaust med mennesker som hadde lysare hud, og i løpet av tusen år utvikla folk lysare hud i nord, fortel arkeolog og forfattar Eirin Holberg. Illustrasjon: Åshild Irgens