Det er ingen Halloween utan godis!

Hei, eg heiter Angelica, eg er 11 år og bur ein plass som heiter Rettedal. Ei lita bygd i Forsand. Og sidan det snart er Halloween, skal eg skriva om min draumehalloweenfeiring!

Knask eller knep er ein av mine favorittaktiviteter og gjera på Halloween. Ofte pleier eg og vennane mine og gå rundt i bygda mi. Bygda mi er ganske liten, men det er veldig gøy. I bygda er det mange barn og vera saman med. Det er aldri kjedeleg der.

Eg berre seier det: DET ER INGEN HALLOWEEN UTAN GODIS! 

Utkledning

På Halloween kan du gjera mykje. For eksempel kan du kle deg ut i kva som helst. For eksempel som ein vampyr, som eg var sist år, eller eit søtt kostyme som ein einhjørning,

MEINING: Angelica Åkerlund Strøm, 11 år. Foto: Privat

som eg var året før det. Eller du treng ikkje kle dei ut i det hele tatt. Det bestemmer du sjølv. Eller gå knask eller knep.

Venninna mi sin Halloween-fest

Ein av venninene mine pleier og ha ein halloweenfest på Halloween. Og det skal ho ha i år også. Eg gler meg allereie. Eg håpar at ho lagar god mat. Men det gjer ho kvar gong. Ofte lagar ho pølsefingrar og spøkelsesmuffins. Dei smakar så godt. Mora hennes har vore kokk, så ho veit kva ho kjem til når det handlar om matlaging. Eg håpar det kjem til og skje denne Halloween. Men visst ikkje, skal eg lova deg at det uansett blir kjempegøy.

Angelica Åkerlund Strøm, 11 år

Innlegget er eitt av fleire gode innlegg som kom inn i skrivekonkurransen vår om skumle greier.