Ei som veit meir om dei norske heksene, er forfattar og historikar Aina Basso. Ho har skrive to bøker om hekser, romanen Inn i elden og faktaboka Heksejakt og heksebrenning i Europa.
Mange kvinner og menn blei skulda for å drive med trolldom på 1600-talet.
– Teorien var at all trolldom kom frå djevelen og at han forsøkte å samle seg ein hær av hekser for å ta over makta og skape eit helvete på jord, fortel Aina.
Heksene blei brende på bål
Heksene blei mellom anna skulda for å gjere folk eller dyr sjuke. Fleire blei brende på bålet.
– Det var for å hindre djevelen i å oppnå planen sin om vondt verdsherredøme. Og kanskje også for å bli kvitt plagsame bråkmakarar? Ein del kvinner som blei brende på heksebålet hadde nok krangla og vore vanskelege i lokalsamfunnet, fortel Aina.
Men heksene gjekk ikkje nødvendigvis rundt med sopelimar.
– Ideen var at trollfolk blei stygge og heslege av vondskapen dei hadde inni seg. Men dei fleste såg nok vanlege ut, og blei dregne inn i heksejakta heilt tilfeldig ved at nokon sa namnet deira, fortel Aina.
Barn blei skulda for å vere hekser
Det var ikkje berre vaksne som blei skulda for trolldom på 1600-talet. Aina fortel om åtte år gamle Karen og søstera hennar Ingeborg Iversdotter frå Vadsø.
– Dei blei mistenkte for å vere hekser fordi mor deira blei «bevist» heks og brent på bålet. Karen og Ingeborg tilstod at dei hadde vore på heksesabbat og dansa rundt djevelen medan han spelte for dei på eit svart strykeinstrument, og at mor deira hadde gitt dei trolldomskrafta i ei skål med mjølk.
Begge søstrene blei heldigvis frikjende.
Framleis jakt på hekser i verda
Den siste som blei avretta som heks i Noreg, var Johanne Nielsdotter i Kvæfjord i Troms. Ho blei skulda for å ha skapt eit uvêr som fekk eit skip med viktige personar til å gå under, og brent på bålet i 1695.
Men heksejakta i verda er slett ikkje over, fortel Aina.
– I visse afrikanske og asiatiske land er det framleis jakt og drap av «hekser», inkludert «heksebarn».
Aina trur ikkje hekser eksisterer i verkelegheita.
– Etter mi meining har det aldri funnest ekte hekser, sjølv om det nok til alle tider har vore somme som har meint at dei kan utføre ein form for magi.