Barnekreftforeininga
Barnekreftforeininga er ein landsdekkjande helseorganisasjon for foreldre og pårørande til barn som er eller har vore ramma av kreftsjukdom. Dei tilbyr mellom anna rettleiing til familiar med kreftsjuke barn og støttar forsking på krefttypar som ofte rammar barn.
Kjelde: Store norske leksikon
Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til Barnekreftforeinga sitt arbeid med å byggje familiehus ved sjukehus i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.
Desse husa skal etablerast for at familiar skal få vere saman når eit barn har kreft og får behandling.
Verdas største innsamlingsaksjon
Kvar haust sidan 1974 har NRK arrangert TV-aksjonen. Det er ein innsamlingsaksjon som kvart år går til eitt godt formål – alt frå regnskogbevaring til psykisk helsehjelp.
På dagen for TV-aksjonen går bøssebærarar frå dør til dør for å samle pengar. I tillegg har NRK ei spesialsending der det òg blir samla inn pengar på ulike måtar.
TV-aksjonen er verdas største innsamlingsaksjon.