I Noreg er det anbefalt å bruke sykkelhjelm. I Sverige, derimot, må alle barn bruke sykkelhjelm. I Australia og New Zealand er det påbod om hjelm for både vaksne og barn.
– Det er altfor mange syklistar som skadar hovudet, og utviklinga går i feil retning, seier Tanja Loftsgarden i ei pressemelding. Ho er fagdirektør i Trygg Trafikk
Halverer risikoen for alvorlege hovudskadar
Trygg Trafikk bad Transportøkonomisk institutt om å lage ein rapport om sykkelhjelm. Dei fann ut at viss alle brukte sykkelhjelm, kunne vi unngått 1000 hovudskadar i året.
Å bruke sykkelhjelm halverer risikoen for alvorlege hovudskadar. Trygg Trafikk ønsker derfor at myndigheitene skal påby alle å bruke sykkelhjelm.
Det er ikkje berre hjelm som kan gjere sykling tryggare.
– Fleire sykkelvegar, lågare fartsgrenser i byar og betre sykkelopplæring i skulen må også til, seier Tanja Loftsgarden.